Statsspråk 4/2013
Har du kontroll?
I denne utgåva av Statsspråk får du endeleg vite kvifor stavekontrollen ikkje duger som tekstkontroll. Du får òg tips og råd om hjelpemiddel du kan bruke for å unngå språklege feil og feller når du skriv, og kor du skal slå opp når du er i tvil. I tillegg får du vite noko ikkje alle veit, nemleg at mange ord i forvaltningsspråket har nynorsk opphav, og at den første lova på nynorsk var normaltidlova frå 1894, som galdt heilt til 2007. Ikkje nok med det: Heilt på tampen av året gir vi deg oppskrifta på ei feilfri nyttårshelsing.
Redaksjonen avslutta 28.11.2013.